Idrettsrådet i Kristiansand
  Idrett i Kristiansand Storbyprosjektet Støtteordninger Om Idrettsrådet Kontakt oss 

 Nyheter
 Kommunens Handlingsplan




Alle får dispensasjon fra regnskaps- og revisjonsplikt
( 16.10.2003 )

Alle lotteriverdige organisasjoner har fått dispensasjon fra kravet om regnskap og revisjonsplikt. Dispensasjonen gjelder fra 2002 t.o.m. 2005.

Dispensasjonen innebærer at lotteriverdige organisasjoner ikke trenger å sende årsregnskap til Regnskapsregisteret i Brønnøysund. Likevel skal det sendes prsregnskap til Lotteritilsynet med frist 1. november i år.

Informasjonsskriv til alle lotteriverdige organisasjonar

 

 

Dette er eit informasjonsskriv til alle lotteriverdige organisasjonar om rekneskapsplikt i høve til lotterilova. På bakgrunn av vedtak fatta i Lotterinemnda 3. september d.å., har Lotteritilsynet no endra tidlegare praksis i samband med kravet om rekneskapsplikt slik:

 

Det er innført generell dispensasjon frå rekneskaps-

og revisjonsplikt for 2002, 2003, 2004 og 2005 

 

Vi viser til tidlegare utsende informasjonsskriv om rekneskapsplikt. Godkjende lotteri­verdige organisasjonar har etter lotterilova rekneskapsplikt etter rekneskapslova. Lotteritilsynet har høve til å gje dispensasjon frå denne regelen.

 

Med verknad for rekneskapsåra 2002 til og med 2005 er det no vedteke å gje dispen­sasjon frå rekneskapsplikt etter rekneskapslova og revisjonsplikt etter lov om revisjon og revisorar. Det skal likevel førast rekneskap i eit ordentleg og oversiktleg system som tek med alle transak­sjonar som er med på å bedømme eigedelar, gjeld, inntekter og kostnadar i foreininga. 

 

Dispensasjonen inneber at det for godkjende lotteriverdige organisasjonar ikkje er nødvendig å sende års­rekneskap til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund. Det skal likevel sendast årsrekneskap til Lotteritilsynet for 2002, og fristen for innsending er 1. november 2003. Dei som allereie har sendt rekneskap til Lotteritilsynet for 2002 i samband med dispensasjonssøknad , treng ikkje å gjere dette ein gong til.

Lotteritilsynet vil komme tilbake med nærare informasjon om opplysningar som vi ønskjer å få presentert i rekneskapen til dei lotteriverdige organisasjonane f.o.m. rekne­skapsåret 2003. Men alt no ber vi dei godkjende for­måla om å spesifisere alle inntekter og kostnadar knytte til dei ulike typar lotteri i rekneskapen for 2003. 
 

Dispensasjonen frå rekneskaps- og revisjonsplikta gjeld  ikkje for alle som er rekneskaps­pliktige direkte etter rekneskaps­lova eller anna lovgjeving. Til dømes må organisasjonar med meir enn 20 tilsette eller meir enn 20 millionar i eigedelar på balansen, forutan stiftelsar, framleis rette seg etter rekneskapslova og lov om revisjon og revisorar. 

 

Informasjon til alle som har søkt om dispensasjon frå rekneskaps- og revisjonsplikta for 2002

*  Alle som har søkt om dispensasjon frå rekneskaps- og revisjonsplikta for 2002 og enno ikkje har fått svar, har i kraft av dette skrivet fått dispensasjon frå rekneskaps- og revisjonsplikta for 2002.

*      Alle som har søkt om dispensasjon frå rekneskaps- og revisjonsplikta for 2002 og fått avslag, har i kraft av dette skrivet no likevel fått dispensasjon frå rekneskaps- og revisjonsplikta.  

 

Med helsing

Atle Hamar

Direktør 

 

 


 




 

[ Tilbake ]   Tips en vennTips   Utskriftsvennlig versjon av denne artikkelenUtskrift   Last ned som PDFPDF 

Idrettsrådet i Kristiansand, Postboks 451, 4664 Kristiansand, Orgnr: 841 357 442